Heidrafest Hero Logo

Aktuelt

Heidrafest Ung, musikkmesse og prisutdeling

Heidrafest Ung, musikkmesse og prisutdeling

23. oktober 2026

Ein laurdag full av musikk på Park Hotel!

Laurdag blir det full aktivitet på Park Hotel når unge musikarar inntar scena under Heidrafest Ung.

Mellom kl. 13.00 og 16.00 får du oppleva fem ungdomsband med musikk frå både rockeklassikarar og nye, eigenkomponerte låtar.

Last Exit hyllar Weezer, med Micah Hawxhurst på gitar, Ivo Haukedal Tessier på trommer, Stig Alexander Smedegård Helsen på gitar og Augusta Kløve Aasetre på bass.

Pop Riot tek føre seg musikken til Oasis. Bandet består av Silja Traa Haukom på gitar, Siri Aldal på vokal, Lauritz Myklebust Reime på bass og Micah Hawxhurst på trommer.

Bad Monkeys hyllar Foo Fighters, med Even Olai Fyllingslid-Høyland på trommer, Kaspar Giljarhus Kvåle og Kerop Gahvejian på gitar, Margrethe Nesheim Hovda på vokal og Theo Vethe på bass.

Vallecilla kjem med noko heilt eige og spelar låtar laga av Anders Bauthus. Med seg har han Niklas Giljarhus Kvåle og Emil Hanto på gitar, Jens Solheim på bass og Martin Vestli på trommer.

Floyd Pink rundar av bandpresentasjonen med ei hyllest til Pink Floyd. Bandet består av Jonas Persen Haltbakk på trommer/vokal, Alexander Keulder Stenevik på bass/vokal, Kevin Ma på gitar og Filip Kwasniak på keyboard.

Ta turen til Park Hotel og opplev morgondagens musikarar på scena!

 

Kven får årets stipend?

Tradisjonen tru deler Voss Consert Team ut stipend til eit lokalt musikktalent.

Etter prisutdelinga får publikum også høyre prisvinnaren i ein eigen minikonsert.

Kven vinn stipendet? Møt opp og få det med deg!

Gjer eit kupp på musikkmessa

Samstundes som Heidrafest Ung går føre seg i Vossasalen, blir det arrangert musikkmesse i Juvet utanfor salen.

Her finn du Voss Musikk/G-streng, 4Sound og Vintage Drums, som tek med seg godbitar til hyggelege prisar.

Det blir også høve til å kjøpe brukt musikkutstyr frå privatpersonar som ønskjer å rydde plass i samlingane sine. Er du på jakt etter instrument, trommer, gitarutstyr eller andre musikalske godbitar, kan det med andre ord vere vel verdt å ta turen innom.

Har du noko du vil selja?

Har du instrument eller anna musikkutstyr som fortener ein ny eigar? Då kan du bli med på musikkmessa.

Ta kontakt med Knut Opheim på telefon 915 83 210.

Ta med vener og familie og bli med på ein laurdag med ung musikk, konsertar, musikkskattar, prisutdeling og god festivalstemning på Park Hotel.

Me sjåast på Heidrafest!

Vil du spele på Vetlescena under Heidrafest?

Vil du spele på Vetlescena under Heidrafest?

19. oktober 2026

Me har dessverre ikkje plass til fleire artistar på singer/songwriter-scena vår i år!

Her ynskjer me å tilby eit lågterskel konsept for singel eller duo opptredenar. Du kan gjerne spela eigne songar, eller heidra ein artist du likar godt. Speletid inntil 30 minutter. Alle som spelar vil få eit festivalpass. Ta kontakt med Svein Prestegard tlf. 988 24 599 eller André Bjørkhaug tlf. 911 79 813 dersom du ynskjer å opptre!

Frivillig på Heidrafest!

13. oktober 2026

Me treng fleire frivillige på Heidrafest

Me treng 4 vaktar til rydding av lokale laurdag.

Du må vera over 18 år. Du får fredagspass for jobben.

Ta kontakt med Silje Rolland 95709407

Velkommen til Heidrafest 2026!

Velkommen til Heidrafest 2026!

23. september 2026

Me gleder oss stort til å opne dørene og ta imot dykk alle saman til årets festival.

Velkommen til Heidrafest 2026!

Me gleder oss stort til å opne dørene og ta imot dykk alle saman til årets festival.

Billettane er no lagt ut i eiga lenkje.

I år har me nokre skikkeleg flotte nyheiter å dele:

Fire scenar: Me utvidar til heile fire scenar i år. Dette gjer at me får betre plass, betre flyt og meir luft i programmet slik at du kan nyte dei over 30 flotte opplevingane utan stress.

Singer/songwriter-scene: Me prøver oss i år med ei heilt eiga, lita intim scene. Her kan du oppleva nære og stemningsfulle musikk augneblikk.

Verge- og ledsagarordning: Endeleg har me fått på plass ei eiga vergeordning for dei under 18! I tillegg har me sjølvsagt ledsagarordning for personar med nedsett funksjonsevne. Heidrafest skal vera for alle. Les meir her.

Laurdag 21.11.2026 frå kl. 13:00 – Heidrafest UNG og musikkmesse:

Laurdag inviterar me på nytt til Heidrafest UNG! Dette er eit gratis arrangementstilbod med konserter for og med ungdom under 18 år.

Samtidig riggar me til ei spennande musikkmesse med både brukt og nytt musikkrelatert utstyr. Har du noko du ynskjer å selje på messa som: instrument, musikkutstyr eller vinyl/CD plater? Ta kontakt med Knut Opheim (telefon: 91583210) for å avtale plass. Les meir her.

Me ser fram til nokre uforgløymelege dagar fylte med god musikk og fantastisk stemning. Hjarteleg velkommen!

Ledsagarordning på Heidrafest

22. september 2026

Me ynskjer at festivalen skal vere tilgjengeleg og trygg for alle.

Personar med nedsett funksjonsevne som har behov for ledsagar, kan ha med denne gratis på Heidrafest.

Ledsagaren får fribillett ved å syne fram gyldig ledsagarbevis i døra eller ved innslepp.

Me ynskjer at festivalen skal vere tilgjengeleg og trygg for alle.

Ta gjerne kontakt med oss på førehand dersom du har spørsmål om tilrettelegging!

Vergeskjema

22. september 2026

Informasjon om vergeordning og skjema for utfylling

Heidrafest er svært glade for at me i samarbeid med Park Hotel Vossevangen har fått VERGEORDNING for ungdom under 18 år.

Du kan vera verge for maks 2 personar.  

Ynskjer å nytta denne ordninga må du skrive ut VERGESKJEMA, fylle dette ut på førehand og levere til billettkontroll når du kjem til festivalen. 

Vergen må vera over 23 år og som verge forpliktar du deg til å:

  • sikra at den mindreårige ikkje drikk alkoholhaldig drikke i samband med festivalen.

  • retta deg etter tilvising frå arrangør og vaktpersonell.

  • ikkje drikka alkohol eller bruka andre rusmidlar før og under festivalen.

 

Du finn vergeskjema med å trykke…..her

Heidrafest Ung

Heidrafest Ung

21. september 2026

Festivalen i festivalen for deg som er under 18 år. Her kan ungdom under 18 år heidre sine favorittartistar eller spele eigen musikk om dei ynskjer det.

Heidrafest UNG – eit gratis, inkluderande musikktilbod for ungdom

Heidrafest UNG vart arrangert for fyrste gong på dagtid laurdagen under Heidrafesthelga i 2025. Der deltok seks flotte ungdomsheidringar med band frå Kulturskulen på Voss. I tillegg delte Voss Concert Team ut eit talentstipend til Niklas Giljarhus og Synneva Almeland.

Laurdag 21.11.2026 frå kl. 13:00 – Heidrafest UNG og musikkmesse.

Laurdag inviterar me på nytt til Heidrafest UNG! Dette er eit gratis arrangementstilbod med konserter for og med ungdom under 18 år.

Samtidig riggar me til ei spennande musikkmesse med både brukt og nytt musikkrelatert utstyr. Har du noko du ynskjer å selje på messa? Ta kontakt med Knut Oppheim (telefon: 91583210) for å avtale plass.

Kva er Heidrafest UNG?

Heidrafest UNG er eit ope og engasjerande tilbod til ungdom som vil utforske musikk, scenekunst og festivaloppleving – heilt utan krav til forkunnskapar eller erfaring.

Kvifor melde seg på?

  • Gratis deltaking – alle er velkomne utan kostnad.

  • Ingen krav om erfaring – perfekt for nybyrjarar og dei som vil utfordre seg sjølve.

  • Glede og samhald – du blir ein del av eit inkluderande fellesskap med fokus på musikk, kreativitet og moro.

Heidrafest UNG gir deg ein arena der du kan lytte, lære, spele og vise fram det du brenn for – alt i ramma av ei ekte festivaloppleving.

Bandcamp

27. februar 2026

Utforsk din musikalske kreativitet!

Kva er Bandcamp?

Bandcamp er eit lavterskeltilbod der ungdom kan vere med på workshops og aktivitetar saman med andre unge musikarar og skapande personar. Du treng ikkje ha spelt noko før – dette er for deg som har eit ynskje om å prøve noko nytt, utvikle musikkinteressa di og få erfaring med å stå på scena i eit trygt og triveleg miljø.

Innhald og moglegheiter

  • Musikkopplæring og bandøving spesielt retta mot ungdom

  • Låtskrivekurs

  • Mogleg å delta på Heidrafest med ditt bidrag

  • Sosialt møtepunkt for nettverksbygging med andre unge musikarar og entusiastar

For ungdom mellom 13 og 18 år

I haustferien 2025 arrangerte Heidrafest sin fyrste Bandcamp. Her fekk ungdom prøve ut ulike instrument i samspel med andre og motta kyndig rettleiing frå røynde instruktørar. I tillegg til å spele i band, var det ein låtskrivarworkshop med Michelle Ullestad. Totto og Benjamin frå Slomosa kom innom og fortalde om deira musikalske reise. Produsent i Front Film Yorick Gontarek tok ei økt om musikkvideoproduksjon.

Me håpar å kunne gjenta arrangementet. Føresette kan sende e-post til bandcamp@heidrafest.no for meir informasjon og interesse.

Takk til våre sponsorar

Støttespelarar