Foreininga Heidrafest er ein frivillig organisasjon på Voss med eit brennande ynskje om å skapa musikkglede for både amatørmusikarar og publikum i alle aldrar. Me har som formål å arrangera ein årleg musikkfestival for tributeband der hovudsakleg lokale og regionale musikarar står på scena.
Heidrafest er bygda sin eigen fest, prega av speleglede, fellesskap og eit inkluderande miljø. Det som gjer oss unike, er at du nesten alltid vil kjenna att folka som står på scena, og kanskje heidrar dei akkurat dine musikalske favorittar. Festivalen er ein viktig arena for å dra hobbymusikarar ut frå kjellaren og fram i lyset, noko som skaper eit levande musikkmiljø innan pop og rock i regionen.
Våre kjerneverdiar styrer det me gjer:
Fellesskap: Me skal vera ein treffplass som samlar generasjonar.
Mangfald: Me har låg terskel for deltaking og rom for ulike musikalske uttrykk.
Lokal stoltheit: Me er djupt forankra i lokalmiljøet og samarbeider tett med det lokale næringslivet.
Tilgjengeleg: Me ønskjer å vera ein upretensiøs og folkeleg festival for alle.
Me brenn ekstra for dei unge talenta. Gjennom prosjekt som Heidrafest UNG og Bandcamp legg me til rette for at ungdom kan få gode vilkår til å spela i band, få inspirasjon og stå på ei profesjonell scene med god lyd og lys. Overskotet frå festivalen vår går uavkorta til neste års arrangement og andre lokale musikkformål.
Foreininga vert driven av eit valt styre, og årsmøtet er vårt øvste organ. Som medlem i Foreininga Heidrafest får du stemmerett på årsmøtet, og kan vera med å påverka utviklinga av festivalen.
Me ynskjer alle velkomne til ein festival der musikkgleda står i sentrum – enten du står på scena, jobbar frivillig eller er ein del av det fantastiske publikummet vårt!
Me har eigne påmeldingskriterium for band som ynskjer å delta. Me prioriterer band med lokal eller regional tilknyting, yngre medlemmar og dei som heidrar nye artistar. Hugs at på Heidrafest spelar alle band utan honorar – det er kjærleiken til musikken og det sosiale samhaldet som er drivkrafta. Ta kontakt med oss på e-post om du har lyst til å spela.
Styret 2026
André Bjørkhaug (leiar)
Frank Pedersen (nestleiar)
Steinar Tveit (kasserar)
Tormod Knapstad
Svein Prestegard
Knut Opheim
Rune Skjoldal
Ingvar Egdetveit (vara)
Randi Geitle Nesthus (vara)
Silje Rolland (vara)
Kontakt oss
Epost: post@heidrafest.no
Du finn oss også på facebook