Bandcamp
27. februar 2026
Kva er Bandcamp?
Bandcamp er eit lavterskeltilbod der ungdom kan vere med på workshops og aktivitetar saman med andre unge musikarar og skapande personar. Du treng ikkje ha spelt noko før – dette er for deg som har eit ynskje om å prøve noko nytt, utvikle musikkinteressa di og få erfaring med å stå på scena i eit trygt og triveleg miljø.
Innhald og moglegheiter
Musikkopplæring og bandøving spesielt retta mot ungdom
Låtskrivekurs
Mogleg å delta på Heidrafest med ditt bidrag
Sosialt møtepunkt for nettverksbygging med andre unge musikarar og entusiastar
For ungdom mellom 13 og 18 år
I haustferien 2025 arrangerte Heidrafest sin fyrste Bandcamp. Her fekk ungdom prøve ut ulike instrument i samspel med andre og motta kyndig rettleiing frå røynde instruktørar. I tillegg til å spele i band, var det ein låtskrivarworkshop med Michelle Ullestad. Totto og Benjamin frå Slomosa kom innom og fortalde om deira musikalske reise. Produsent i Front Film Yorick Gontarek tok ei økt om musikkvideoproduksjon.
Me håpar å kunne gjenta arrangementet. Føresette kan sende e-post til bandcamp@heidrafest.no for meir informasjon og interesse.