Informasjon

Meir info kjem fram mot festivalen!

Kart
Transport
Tog

Voss stasjon (tog) finn du ca. 100m rett over gata frå Park Hotel.

Til/frå Oslo: Vy fjerntog F4 Bergen-Oslo med 6 daglege avgangar begge vegar.

Til/frå Bergen: Vy regiontog R40 Bergen-Voss-Myrdal med avgangar ca. kvar time. Vy fjerntog F4 Bergen-Oslo med 6 daglege avgangar begge vegar.

Sjekk Entur, Vy og Skyss for avgangstider.

Buss

Voss stasjon (buss) finn du ca. 50m rett over gata frå Park Hotel.

Sjekk Entur og Skyss for rutesøk.

"Trygt heim" nattbussar til Granvin/Ulvik, Vinje/Stalheim eller Bolstadøyri må bestillast frå Skyss. "Trygt heim"-tilbodet prioriterer personar under 25 år dersom transportmidla er fulle. Bestill derfor i god tid, slik at dei kan planleggja behov.

Bil og parkering

På Vossavangen er det avgiftsparkering på dagtid (EasyPark). Det er merka gateparkering i store delar av sentrum.

Parkeringsplassar i nærleik til Park Hotel og festivalen er

  • 50m: Holbergsplassen (for hotellgjester)
  • 100m: Stasjonsgarasjen (P-hus)
  • 200m: Tinghusplassen
  • 200m: Voss stasjon (Gullfjordungsvegen)
  • 300m: Hestavangen

Overnatting

Park Hotel er vertskap for festivalen, og tilbyr også overnattingspakker med billettar (hugs å legge til rett type billettar etter at du har vald rom).

Andre hotell i nærleik til festivalen er

  • 50m: Scandic Voss
  • 150m: Fleischer's Hotel

Mat

Park Hotel har to restaurantar: Cafe Stationen og Elysée. Dei held ope til 22:30 begge festivaldagane.

Etter 22:30 vert det på hotellet tilgang til ein enkel matbod med (antakeleg) hot dogs og påsmurt.

Du finn og diverse mattilbod med varierte opningstider i heile Voss sentrum.