Noregs største tributefestival!

17. og 18. november

Festivalaktuelt

Komitéar

21.01.2023

Driften av foreininga og festivalen er no fordelt på spesialiserte komitéar, som også består av deltakarar som ikkje er i styret.

Komitéane er:

  • Festivalkomitéen
  • Sponsorkomitéen
  • Mediakomitéen
  • Øvingslokalekomitéen

Ynskjer du å bidra i nokon av komitéane, ta gjerne kontakt med ein av medlemmane.

Medlemskap

20.01.2023

Årsmøtet vedtok å innføre medlemsliste og medlemskap i løpet av året. Kontingenten er ein symbolsk sum: 50 kroner. Det er også mogleg med støttemedlemskap.

Det er ikkje krav om å vere medlem for å delta på festivalen eller leige øvingslokale, men medlemmar kan få andre fordelar.

Detaljar kjem seinare.

Nytt styre for 2023

08.01.2023

På årsmøtet 8. januar vart følgande styre vald:

  • Tor Valåmo (styreleiar)
  • Ove Jørgen Mørkve (kasserar) (ny)
  • Tormod Knapstad
  • Nils Kvamsdal
  • Svein Prestegard (ny)
  • Knut Opheim (ny)
  • Harald Knapstad (ny)
  • Frank Pedersen (ny)

Me har 5 nye styremedlemmar. Styret har no eit alderspenn på 44 år.

Les meir om foreininga her